NRK Meny
Normal

Populær øko-is frå Aurland

Folk har fått augene opp for økologisk is produsert i Aurland.

Ismakar Øystein Skjæveland seier etterspurnaden har vore så stor i sommar at han ikkje har klart å levere nok is.

Han har selt isen på ulike marknadar og festivalar i heile landet.

Han reknar med å ha selt for kring 300.000-400.000 kroner, og merkar godt at økologiske produkt no er i vinden.