Hopp til innhold

Politistudentane løyste innbrotsraid

Politistudentane Yngvild Østberg og Mathias Eikrem Engeset fekk ein pangstart på praksisen i politiet.

Løyste innbrotsraid første dag i praksis

VEL BLÅST: Politistudentane Yngvild Østberg og Mathias Eikrem Engeset fekk raskt nytte av teorien dei hadde lært på politihøgskulen.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Det var Fjordingen som først fortalde historia om dei dyktige praksisstudentane. Første dag på jobb vart dei sett til å løyse eit innbrotsraid, eit oppdrag dei løyste med glans.

– Det var ein pangstart, seier Mathias Eikrem Engeset.

Var redde for å øydeleggje bevis

Rutebilstasjonen i Stryn har over lang tid vore plaga med at uvedkomande har teke seg inn i bygningen. Berre i august vart det meldt om tre innbrot på like mange veker.

Det var denne saka som venta praksisstudentane då dei møtte fram til første dag.

– Det blir noko heilt anna enn dei eksempla vi har på skulen, når du kjem til ein åstad og kan øydeleggje ei heil sak berre ved å trakke på feil stad eller ta på feil ting, seier Yngvild Østberg.

– Vi følgde det vi har lært på politihøgskulen og fekk jo eit greitt resultat, seier Eikrem Engeset.

Eitt år att på skulebenken

Dei to vil ikkje gå inn i detaljar, men det som vart gjennombrotet i saka var funn av DNA-spor på åstaden.

– Funnet gjorde at vi kunne knytte gjerningspersonen til åstaden. Utan det hadde det vore vanskelegare å få løyst saka, seier Østberg.

Konfrontert med DNA-beviset valde innbrotstjuven å leggje korta på bordet.

Med eitt år igjen på skulebenken, har dei allereie fått ein forsmak på kva som ventar dei ute i arbeidslivet.

– Det var veldig gøy å få følgje ei sak heile vegen, frå innbrotet til den er løyst, seier Østberg.