Politimann blir ordførar i Vågsøy

Høgre sin Morten Hagen er no klar som ordførar i Vågsøy.

Morten Hagen

ORDFØRAR: Politimannen Morten Hagen er klar for ordførarstolen.

Foto: Thomas Hagen

Politibetjenten har liten politisk erfaring, og har tidlegare vore vara for Høgre i kommunestyret.

- Det blir spennande tider framover, seier Hagen til NRK.no.

Hagen får med seg Kristin Maurstad frå Arbeidarpartiet som varaordførar. I tillegg får dei støtte frå Venstre for å skape fleirtal.

Høgre gjorde eit særs god val i Vågsøy og gjekk fram 17,4 prosentpoeng og fekk til slutt nesten 30 prosentpoeng av stemmene. Ap gjekk på eit sviande nederlag og fekk berre 10,8 prosentpoeng av stemmene.

No er det klart av valvinnaren og valtaparen inngår samarbeid.

– Eit godt samarbeid

Hagen seier det viktigaste for han og Høgre var å få til eit samarbeid som vil gagne Vågsøy kommune i tida framover. At Høgre gjekk til Ap vart det rette, forklarar Hagen.

- Vi i Høgre har mykje den same politikken som Ap i kommunen. Samtidig har Ap mykje kontant innover mot fylket, og eg meiner dette er noko vi kan ha behov for også i Vågsøy, seier Hagen.

Han er klar på at det valtekniske samarbeidet som no er inngått mellom H, Ap og Venstre er det som vil kunne tene kommunen og det beste for innbyggjarane i åra framover.

H + Ap = sant

Det er ikkje berre i Vågsøy at Høgre får ordføraren, medan varaordføraren går til Ap. Også i Stryn og Naustdal er det desse partia som har inngått samarbeid.

Hagen synst ikkje det er noko rart.

- Det viser at det i lokalpolitikken er kommunen sitt beste som er første prioritet. Då må ein finne samarbeid som kan få til mest positive ting, seier Hagen.

Glad for tilliten

Maurstad set stor pris på vervet ho no skal fylle.

– Vi i Ap er veldig glade for at vi har fått den tilliten av samarbeidspartnarane våre, og at dei ønskjer meg som varaordførar. Det gler eg meg veldig til, seier Maurstad til NRK.no.

Ho ser ingen problem med å samarbeide med to borgarlege parti.

– Vi har veldig mykje felles mål og politikk som Høgre og Venstre, og vi har samarbeidd godt tidlegare, seier Maurstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristin Maurstad

VARAORDFØRAR: Kristin Maurstad frå Ap, vert varaordførar i Vågsøy dei neste fire åra.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Mykje å setje fokus på

Varaordføraren seier ho og ordføraren allereie har sett seg ut fleire ting dei vil fokusere på i tida framover.

– Vi kjem til å ha mykje fokus på god næringsutvikling. Vi har i dag ei positiv folketalsutvikling og det må vi jobbe for at skal halde fram. Då er det viktig med arbeidsplassar, seier Maurstad som også nemner mellom anna samhandlingsreforma som ei utfordring.