NRK Meny

Rusa cruisebåtførar pågripen på fjorden etter politijakt

Augevitne på land reagerte på at fjordcruise-båten MS «Maria» dreiv villmannskøyring på hamnebassenget i Balestrand. Då politiet kom seg ut til båten, fann dei båtføraren godt rusa.

Politiaksjon i Balestrand

BÅTEN TEKEN HAND OM: Her har politiet fått skyssbåten trygt til land i Balestrand.

Foto: Robert Jan Leerink

Artikkelen er flere år gammel.

– Han er no teken hand om og sit i drukkenskapsarresten i Sogndal, opplyser operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK Sogn og Fjordane.

Det var augevitne i Balestrand som oppdaga at føraren av skyssbåten MS «Maria» var alt anna enn edru torsdag føremiddag, skriv Sogn Avis si nettutgåve.

Villmannskøyrde rundt leirskuleelevar

Samstundes som leirskuleelevar og turistar oppheldt seg i småbåtar utanfor kaia i Balestrand gav skyssbåten full gass og sette retning mot Esefjorden.

Augevitne fortel til Sogn Avis at båten brått dukka opp att, og mannen ved roret ropte mot land at han ville leggja til i Balestrand. Då han kort tid etter igjen sette avgarde i full fart, ringde fleire vitne til politiet.

Artikkelen held fram.

Politiaksjon i Balestrand

VEKTE OPPSIKT: Merkeleg aggressiv køyring fekk augevitne varsle politiet.

Foto: Robert Jan Leerink

Pågripen midtfjords

Lensmannskontoret i Balestrand fekk rekvirert ein lettbåt, før dei la seg etter skyssbåten. Då dei innhenta denne, pågreip dei den rusa båtføraren, ein mann i 40-åra, midtfjords mellom ferjeleiene Dragsvik og Hella.

– Det var ikkje passasjerar om bord, opplyser politiet sin operasjonsleiar.

På Hella fekk politiet forsterkningar frå Sogndal og båten vart etterkvart frakta til Balestrand av kyndige båtførarar, mens båtføraren måtte bli med til Sogndal for blodprøvetaking.

Artikkelen held fram.

Politiaksjon i Balestrand

BLIR BRUKT TIL CRUISE: MS «Maria» er mykje nytta som cruisebåt for hotellgjester i Sogn.

Foto: Robert Jan Leerink

MS «Maria» blir disponert av Tørvis Hotel i Luster og Mundal Hotel i Fjærland som nyttar skyssbåten til cruise for turistar på Sognefjorden.

– Stort farepotensiale

Politiet ser alvorleg på episoden.

– Vi er i ein etterforskningsfase, men på generelt grunnlag er det jo å seie at det er eit stort farepotensiale i å føre båt i rusa tilstand generelt, og spesielt så store båtar. Blodprøva vil vise resultatet i saka, seier politiadvokat Knut Broberg til Sogn Avis.

Leiinga ved hotella som disponerer båten har førebels takka nei til å kommentere saka.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar