Varebilen på biletet vart svindla frå ANI Bil på Kaupanger i førre veke. Den blir i løpet av kvelden frakta tilbake til bilforhandlaren. Også Maskinsenteret vart svindla. Her fekk mannen med seg ein traktor til ein verdi av 212.000 kroner.
Samstundes blir det no leita etter mannen som står bak svindelen. Tre politimenn frå Sogndal politistasjon er med på aksjonen som går føre seg i området rundt der bilen vart funnen.
Foto: Arne Eithun
Foto: Arne Eithun