Hopp til innhold

Politiet: Kvinne stal frå arbeidsplass og bebuarar

Sidan februar har politiet i Sunnfjord etterforska ei kvinne for tjuveri frå ein kommunal institusjon og bebuarar der.

Regionlensmann Dag Fiske

ETTERFORSKAR: Regionlensmann Dag Fiske seier politiet har gjort fleire beslag i etterforska av den sikta kvinna.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Vi har ein ganske klar mistanke om at det har gått over relativt lang tid. Ut frå beslaga vi har gjort kan det vere fleire år, seier regionlensmann Dag Fiske.

Har gjort fleire beslag

Politiet vart i februar kontakta av institusjonen som hadde fatta mistanke til kvinna. Politiet gjorde ransakingar både på arbeidsstaden og bustaden til kvinna.

– Vi fann relativt mykje smykke og klede som stammar både frå bebuarar og institusjon. Det var både sengetøy, smykke, klede og diverse utstyr, seier Fiske.

NRK har vore i kontakt med rådmannen i den aktuelle kommunen, som ikkje ynskjer å kommentere saka.

– Eg drøftar ikkje personalsaker i media, seier rådmannen.

Nektar for tjuveria

Politiet ser alvorleg på at kvinna kan ha misbrukt tilliten vist både frå institusjonen og bebuarane.

– Så langt har ho nekta for forholda ho er sikta for, seier Fiske.

Politiet har til no avhøyrt 20 vitne i saka. Seinast denne veka ransaka dei bustaden til kvinna. Fiske seier at fleire av beslaga allereie er spora attende til den rettmessige eigaren.

– Vi held fram med å gå gjennom og knytte beslag mot fornærma. Vi nok ha dei del framvisingar for bebuarar på institusjonen, seier Fiske.