Hopp til innhold

Politiet: Etterlyser ung jente som vitne i overgrepssak

Politiet ber innstendig om at ei ung jente som kan ha vore vitne til eit overgrep mot ein kvinneleg student i Sogndal, melder seg.

Sogndal sentrum

Ein ung kvinneleg høgskulestudent skal ha blitt utsett for overgrep i Sogndal natt til søndag. Politiet har sett i gang full etterforsking, men manglar framleis eit vitne.

– Vi har eit sterkt ønskje om at alle som kan ha sett noko melder seg, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

På måndag etterlyste politiet kontakt med to jenter. Dei hadde snakka med Nattuglene om lag klokka to natt til søndag. Den eine av dei to jentene har meldt seg.

– Denne personen har gitt ny informasjon via avhøyr, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Måndag melde Sogn Avis at Nattuglene varsla politiet om at det kunne ha skjedd noko kriminelt.

I totida natt til søndag fekk ein politipatrulje melding frå Nattuglene. Dei varsla om eit mogleg overgrep.

– Det er mange nye studentar i Sogndal og vitnet vi har snakka med kjende ikkje den andre personen, seier Johannessen.

Politiet skal også ha sikra seg overvakningsbilete frå Sogndal sentrum i det aktuelle tidsrommet.