NRK Meny
Normal

Politiet trur ikkje 15-åring vart valdteken

Politiet i Eid er no i ferd med å sende overgrepssaka over til påtalemakta. Slik dei ser det er det rett å halde fast ved siktinga av dei tre mennene.

Etterforsking valdtekt

ETTERFORSKA: Det vart sett i gang ei brei etterforsking då ei 15 år gamal jente melde tre unge menn for valdtekt på Nordfjordeid i sommar.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Det var i samband med Malakoffestivalen i Eid i juli at ei 15 år gamal jente forklarte til politiet at ho var blitt valdteken av tre unge menn. Dei tre mennene vart, og er framleis, sikta for seksuell omgang med mindreårig.

Etterforskinga er no i ferd med å bli avslutta, og politiet ser ingen grunn til å tru at den seksuelle omgangen har skjedd mot jenta si vilje, trass i at ho har heldt fast ved dette i avhøyra. Det fortel lensmann i Eid, Webjørn Moa.

– Har kome så langt vi kan kome

Vebjørn Moa

FERDIG: Lensmann Webjørn Moa seier politiet i Eid meiner dei er ferdig med etterforskinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politiet skal etter planen i møte med påtalemakta i neste veke for å vurdere om saka offisielt kan bli sendt over til dei for vurdering av eventuell tiltale.

– Vi har kome så langt som vi meiner vi kan kome i etterforskinga, men det er i denne saka som i alle andre, at vi må ha ein samtale med påtalejuristen slik at vi kan sjå om dei er nøgd med det arbeidet som er gjort eller om dei meiner meir må gjerast, seier lensmann i Eid, Webjørn Moa.

Held fast ved siktinga

Politiet har etterforska saka gjennom avhøyr av både involverte og vitne og samanlikna forklaringane opp mot videoopptak frå overvakingskamera på festivalområde og i Eid sentrum. Det har ikkje kome til noko nytt i forklaringane. Heller ikkje videoopptaka har kome meg noko nytt, men det har stadfesta ein del av det som har kome fram i avhøyr.

Slik lensmannen ser det er det grunn til å halde oppe siktinga av dei tre mennene. Dei er sikta for seksuell omgang med mindreårig, ikkje valdtekt.

– Frå vår ståstad er den siktinga nokså klar, og vi meiner det er underbygd gjennom etterforskinga at det er rett å halde på siktinga, men det er påtalejuristen som må ta den endelege avgjerda på det, seier Moa.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå