Hopp til innhold

Politiet tok biltjuv i Florø

Rundt kl. 09.30 i dag fekk politiet melding om at ein bil var stolen i Florø. Ikkje lenge etter melde ein butikk frå om nasking, og det viste seg at same person – ein mann i 20-åra – var knytt til begge hendingane. Mannen blei teken med til Florø politistasjon for avhøyr. Også tidlegare denne veka blei det stole ein bil i Florø, det er enno ikkje kjent om det er ein samanheng mellom tjuveria.