Hopp til innhold

Politiet på veg til vegtrøbbel

Politiet er på veg til riksveg 52 over Hemsedalsfjellet der to utanlandske vogntog har køyrt seg fast. Det er i dei bratte bakkane på veg opp frå Borlaug at dei to vogntoga har fått problem. Ifølgje politiet er det fleire store køyretøy som står på kryss og tvers i området. Det skal vere glatt i området.