Hopp til innhold

Enorm glede etter funn av sakna mann

– Det var ubeskriveleg godt å høyre, seier ein svært letta operasjonsleiar Espen Gulliksen, etter at redningsmannskap fann den sakna mannen i god behald.

Leiteaksjon i Aurland 20.09.15

LETTA: Mannskapet på hovudbasen for redningsaksjonen i Aurland, kunne puste letta ut då dei fekk gladmeldinga om at den sakna mannen er i god behald.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Klokka 14.30 søndag kom meldinga: Etter over eitt døgn i fjellet er mannen i 30-åra som har vore sakna sidan i går kveld funnen i god behald og uskadd.

Innsatsleiar i redningsaksjonen, den røynde politimannen Magne Knudsen, er minst like letta som kollegaen i Florø.

– I natt har det vore vått, det har vore kaldt, og det har vore vanskeleg. Heldigvis har dette gått bra, seier Knudsen frå hovudbasen i Aurland.

– Umogleg å kome ned

Mannen i 30-åra var laurdag på tur frå Flåm til Gudvangen. Søndag morgon starta leiteaksjonen. Då hadde ingen høyrt frå den polske statsborgaren sidan laurdag klokka 20, då han melde frå til familien at han ville byrje på nedstiginga mot Gudvangen.

Magne Knudsen

INNSATSLEIAR: Magne Knudsen har leia redningsaksjonen frå basen i Aurland.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Mannen vart funnen nær Ramsøy, nord for Gudvangen.

– Han har prøvd å kome til Gudvangen. Der er det ekstremt krevjande terreng, og umogleg å kome ned, seier Knudsen.

Det er enno uklart kva som har skjedd.

– Det er for tidleg å seie. Han har vel mest sannsynleg gått seg fast. Vi får vite meir når han har blitt frakta ut med helikopteret, seier innsatsleiaren.

– Løyser opp i kjensler som ligg godt gøymde

Store styrkar har leitt etter den sakna. Røde Kors, politiet og frivillige har saumfare fjellet og fjellsidene på leit etter livsteikn. At dei faktisk skulle få det, gjer operasjonsleiar i politiet, Espen Gulliksen, svært glad.

Espen Gulliksen

OPERASJONSLEIAR: Espen Gulliksen.

Foto: Maria Pile Svåsand

– Vi har levd i spenning sidan vi gjekk på vakt i dag tidleg og fekk saknameldinga. Han hadde vore vekke eit døgn, og jo lenger tid det går jo meir svinn håpet om å finne folk i god behald. Men det gjorde vi denne gongen. Det gjer godt.

Sivilforsvaret var på veg, og var budde på å overnatte i fjellet. Men no er leiteaksjonen avslutta – denne gongen med eit lukkeleg utfall.

– Eg skreiv på Twitter at det er ubeskriveleg godt å høyre, og det er nettopp det det er. Slikt løyser opp i kjensler som ligg godt gøymde, seier Gulliksen.

leiteaksjon etter sakna turgåar