Hopp til innhold

Politiet måtte vike for promillekøyrar

Politiet var ikkje i tvil om at sunnfjordingen i 20-åra var påverka. Dei fekk han nesten i fronten...

No er mannen i 20-åra dømd til fengsel i 24 dagar, og ei bot på 22 500 kroner etter køyreturen i 05-tida ein søndag i oktober i fjor.

Trass den høge promillen køyrde mannen gjennom Førde sentrum, til han nesten krasja med lovas lange arm. Betjenten som sat bak rattet i politibilen måtte svinge unna for å hindre kollisjon.

Mannen hadde ei anna oppfatning av situasjonen, men retten la avgjerande vekt på politiet si skildring av hendinga.

– Denne episoden tilseier at sikta sin promille gav faktiske og konkrete utslag på køyreeigenskapane, noko som også samsvarar med dei observasjonar politiet gjorde, skriv dommarfullmektig Kamilla Hessevik Paulsen.

Mannen erkjende forholdet, noko som gav han ein viss strafferabatt. Men han må likevel klare seg to år og seks månadar utan førarkort. Han må også gjennom ny førarprøve.