Hopp til innhold

Politiet måtte blokkere vegbana for å få eldre dame til å stogge

Politiet måtte onsdag kveld følge etter ei eldre dame ganske lenge før dei klarte å få ho til å stogge bilen sin. No har ho mista førarkortet sitt.

Halbrendslia

– Vi fekk først meldingar om ein bil som køyrde i feil køyrefelt og som brukte lysa på ein rar måte, seier Terje Magnussen ved politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Operasjonsleiaren fortel at ein politipatrulje rykka ut, men at dei måtte slite ei stund før dei klarte å få kvinna til å stogge bilen.

– Patruljebilen tok etter kvart på blålysa, og køyrde etter bilen opp gjennom Halbrendslia i Førde, men det skal ikkje ha gjort noko inntrykk på bilføraren.

Heller ikkje då ein av politifolka gjekk ut av politibilen og forsøkte å gje signal til vedkommande, fekk dei noko respons.

Mista førarkortet – politiet opprettar sak

Då politiet klarte å stogge bilen, vart det fordi dei rett og slett blokkerte vegbana.

– Patruljebilen måtte posisjonere seg framføre den aktuelle bilen, for å få den til å stogge, seier Magnussen.

Det skal heller ikkje ha gått så veldig fort. Operasjonsleiaren trur bilen har køyrt i rundt 40 kilometer i timen. Det er ikkje noko mistanke om promille, men politiet har likevel kverrsett eit førarkort, og opprettar sak mot vedkommande.