Hopp til innhold

Politiet måtte avslutte festen

Politiet i Sogn og Fjordane har i løpet av natta måtte avslutte fleire festlege lag. I tillegg har kranglevorne personar gitt dei arbeid.

Politiet på Twitter

FEST OG URO: Politiet i fylket har tradisjon tru hatt litt å hanskast med også denne laurdagsnatta.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Litt over klokka halv eitt natt til søndag fekk politiet melding frå eit nabolag i Førde, der musikkstøy heldt fleire vakne. Politiet rykte ut til adressa og fekk snakka med dei som var der. Musikken vart dempa og naboane fekk sove.

Ei lita stund seinare, like før klokka 01, rykte politiet i Sogndal ut til ein pub der ein person skal ha blitt skalla ned. Politiet fekk skildring av gjerningspersonen og leitte etter vedkommande i natt utan hell. Skadeomfanget til mannen som vart skalla ned er ikkje kjent. Saka blir følgt opp av lokalt politi.

Om lag samtidig, klokka 01.04 måtte politiet ta turen til ei adresse i Øvre Årdal. Der var det litt amper stemning mellom eit par personar. Politiet fekk snakka med dei involverte og roa gemytta, fleire personar fekk også skyss heim av lovas lange arm.

Like før klokka 03 i natt måtte politiet på ny legge ein dempar på feststemninga. Denne gongen var det eit festleg lag på eit hotell i Jølster som nekta avslutte festen. Då politiet kom til staden vart det etter kvart stilt.

I løpet av natta har politiet i Høyanger også køyrd heim ein mindreårig. Vedkommande vart teken med inn på lensmannskontoret fordi han gjekk rundt med alkoholhaldige varer, ifølgje politiet si Twitter-melding. Vedkommande vart henta og køyrd heim av faren sin, skriv dei vidare.

Og grytidleg søndag morgon kontrollerte politiet i Høyanger 88 førarar opp mot rus, det var ingen utslag.