Han har venta i fleire veker på at politiet skal oversende dokumentasjon i saka, men enno har ingenting skjedd.
– Dette gjer politiet heilt klart av strategiske og taktiske omsyn, hevdar Blikra.
Får ikkje påverke
Han seier at det er alvorleg å ikkje få innsyn i viktige dokument tidleg i saka fordi det utelukkar forsvararane frå å kunne påverke etterforskinga.
– Vi får ikkje innsyn i kva etterforskingssteg politiet tar, seier Blikra.
Etter straffeprosesslova har forsvararen rett til dokumentinnsyn. Men sjølv om politiet innvilga innsyn for tre veker sidan, har Blikra enda ikkje motteke papira han etterlyser.
– Dei etterlyste papira dreier seg både om vitneavhøyr og tekniske prov i saka, seier Blikra.
Løyser seg
Blikra har tru på at saka no kan løyse seg:
– Vi er lova dokumenta i løpet av dagen, seier han.
Ingen i politiet har i føremiddag vore tilgjengeleg for kommentar.