Hopp til innhold

Politiet har fått førebels obduksjonsrapport

Alt tyder på at den omkomne Marita Sælen (46) døydde av drukning.

Søk etter sakna kvinne i Vik

FORSVANN FRÅ VIK: Leitemannskap gjekk grundig til verks, både på land og til sjøs, då 46-åringen forsvann frå Vik. Den førebelse obduksjonsrapporten viser at kvinna døydde av drukning.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Den førebelse obduksjonsrapporten er veldig tydeleg på at den trulege dødsårsaka er drukning, seier regionslensmann Arne Johannessen i Sogn.

Har ein god del arbeid som står igjen

Ein større leiteaksjon vart sett i verk då Marita Sælen forsvann sporlaust frå Vik i Sogn. Den 46 år gamle kvinna vart seinare funnen død i Sognefjorden. No har politiet fått den førebelse obduksjonsrapporten.

– Kan denne rapporten forklare kva som kan ha skjedd?

– Nei. men vi har fått svar på det aller viktigaste, og det er at dødsårsaka er drukning. No har vi ein del arbeid å gjere med etterforsking. Det handlar om rørslene i forkant, men dette kastar ikkje noko nytt lys over det, seier Johannessen.

Kan ikkje utelukke kriminell handling enno

Politiet har framleis fleire avhøyr igjen før dei avsluttar etterforskinga. Men lensmannen understrekar at alt tyder på at det ikkje har skjedd noko kriminelt.

– Utelukkar de ei kriminell handling?

– Vi kan aldri utelukke noko som helst før etterforskinga er avslutta. Vi må gjere dei siste avhøyra og undersøkingane før vi trekkjer ein endeleg konklusjon, seier Johannessen.