Hopp til innhold

Politiet går mot ti millionar kroner i underskot

Fleire store hendingar har gjort 2014 til eit krevjande år for Sogn og Fjordane politidistrikt. Det viser også att i rekneskapen. Til gagns.

Ronny Iden

KREVJANDE: – Svaret er Krevjande, er politimeister Ronny Iden si korte oppsummering av 2014.

Foto: Truls Kleiven

Politiet visste allereie ved starten av året at budsjettet var stramt. Dei fekk rett.

For smitt og smule av budsjettet på 164 millionar kroner er brukt opp. Og litt til.

– Vi går på eit betydeleg underskot, truleg opp mot ti millionar, seier politimeister Ronny Iden.

Krevjande hendingar

Væpna politi i Førde

BEREDSKAP: Grunna nye trusselvurderingar vart politiberedskapen trappa opp i sommar.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Det er kanskje ikkje så rart at «krevjande» er Iden si enkle oppsummering av 2014.

For krevjande hendingar som eit Lærdal i brann, etterforsking av trippeldrapet i Årdal og to store etterforskingar knytt til dødsfall i Sogndal og forsvinning i Gloppen, har kosta. Nokre av kostnadane vil dei truleg få dekka av Politidirektoratet.

– Vi får dei pengane vi får og det er vår plikt å legge opp drifta etter det. Det må vi berre prøve betre til neste år, seier han.

På toppen av hendingane kjem nye krav knytt til bemanning på til dømes operasjonssentralen.

Åstaden for trippeldrapet

ETTERFORSKING: Tre menneske mista livet på Valdresekspressen i november i fjor. Etterforskinga har vore lang og tidkrevjande.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Ser ein på året, så står ein att med spørsmåla: har vi gjort noko som er riv ruskande gale, eller har vi fått alt for lite? Eg trur på det siste, seier tillitsvald Kjetil Drange.

Meir press på tilsette

Politimeisteren meiner det stramme budsjettet i liten grad påverkar arbeidsmiljøet, men vedgår samstundes at lite pengar betyr press på dei tilsette.

– Vi har nokre HMS-utfordringar. Mange har arbeidd mykje og hardt i lange periodar, men på den andre sida så leverer vi faktisk ganske gode resultat i høve til det vi blir målt på, seier han og legg til:

– I den forstand klarer vi oss godt trass i alt som skjer.

På toppen av «alt anna»

Storbrann i Lærdal

KATASTROFE: Den store brannen i Lærdal kravde sitt av ressursar – også frå politiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Seksjonsleiar Sven Olav Gunnerud i Politidirektoratet meiner Sogn og Fjordane politidistrikt dei siste åra er blitt godt prioritert når det gjeld ekstra årsverk, med fem nye i år, sju i fjor og seks i 2012.

Distriktet har fått pengar basert på dei gjeldande prinsipp for fordeling, som alle andre politidistrikt.

– Det er politimeisteren som har ansvar for å styre sitt arbeid. Når store og uføresette hendingar skjer, kan likevel distriktet søkje om ekstra løyvingar, noko Sogn og Fjordane også har gjort, seier Gunnerud.

Budsjett berre til normalt drift

Politidistriktet søkte om ekstra pengar grunna Lærdalsbrannen og hendingane på Valdresekspressen, og fekk 2,25 millionar kroner ekstra.

– POD er kjende med problemstillinga, og vi er i løpande dialog med distriktet, og ynskjer ikkje å kommentere eller forskottere moglege framtidige løyvingar ytterlegare, legg Gunnerud til om økonomien til politidistriktet.

Kjetil Drange

UROA: Kjetil Drange er tillitsvald i politiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Tillitsvald Drange meiner dagens budsjett ikkje er laga for å takle meir enn eit minimum av hendingar.

– Det kan virke som om vi får nok til å drifte normal vakt og beredskap, men skjer det hendingar av litt større karakter enn snittet så er vi ute å køyre med ein gong.

Mettingsspørsmål

Drange er uroa over situasjonen og seier krevjande arbeid og stram økonomi kjem på toppen av all uvissa knytt til distriktet si framtid.

– Politifolk er stort sett idealistar. Dei jobbar og står på, men med mykje å gjere, lite bemanning, lite ressursar så er det ein negativ faktor i dette, seier han og avsluttar:

– Ein skal ikkje seie at ein gir opp og set seg på bakbeina, men det er eit mettingsspørsmål kor mykje ein kan ta på seg.