Hopp til innhold

Politiet er ferdige med etterforskinga av mobbesak

I ni månadar har politiet i Vågsøy etterforska ei mobbesak på ein barneskule. No vert saka oversendt til jurist.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

KREVJANDE: Lensmann i Vågsøy, Tormod hvattum, forsvarar at det har teke ni månadar å etterforske saka ferdig.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Vi ser saka som ferdig etterforska, og ho vert sendt til politijurist i Florø for vurdering, seier lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.

Det var i juni i år at eit foreldrepar valde å politimelde både Vågsøy kommune og rektor ved ein barneskule.

Foreldra meiner kommunen og rektor ikkje har gjort nok for å hindre at sonen deira vart mobba, og har politimeldt kommunen og rektor for brot på opplæringslova.

– Eleven meiner han har vorte mobba, utan at skulen og skuleleiinga har gjort dei naudsynte tiltaka for å hindre at slikt skal skje, seier Hvattum.

Har brukt tid på å setje seg inn i saka

Han legg ikkje skjul på at det har vore eit krevjande etterforskingsarbeid.

– Vi har forsøkt å avdekke det som har skjedd på bakgrunn av politimeldinga vi fekk, seier Hvattum.

Politiet i Vågsøy har lagt ned store ressursar i etterforskinga av saka.

– Det er sjeldan at vi får inn politimeldingar for brot på opplæringslova, så vi har brukt tid på å setje oss inn i kva vilkår som skal oppfyllast, seier Hvattum.

Meiner tidsbruken er akseptabel

Det har også vore eit omfattande arbeid å få avhøyrt alle som ein ønskte for å få opplyst saka på best mogleg vis.

– Det har teke ni månadar. Er dette akseptabel tidsbruk?

– Etter mitt syn så er det det. Når ein ser på kva situasjon vi er i når det gjeld ressursar, i tillegg til kompleksiteten i saka, så kan tidsbruken forsvarast, seier Hvattum.

Han ønskjer ikkje seie noko om kva politiet har konkludert med.

– Det må det bli opp til juristen å svare på, når han har fått vurdert saka, seier Hvattum.