Politiet ber om tips etter sakna

Politiet står utan spor etter ein sakna 58-åring som sist blei sett i Askvoll, men dei held framleis på med etterforsking, skriv Haugesunds Avis. Mannen og båten «Fram» vart meldt sakna etter at han ikkje kom tilbake til Stord. – Det er framleis eit mysterium kor mannen har blitt av, seier Nils Blikra ved Stord lensmannskontor til avisa.