Plukka søppel – vann pengar

To barneskuleklassar på Hyllestad skule og ein førsteklasse på Flora vidaregåande skule vann 5000 kroner i det regionale kystlotteriet. Kystlotteriet er eit initiativ som oppmodar til rydding av boss på kysten, og for kvar sekk ein leverer inn får ein eit lodd i lotteriet. I dei 23 kommunane som deltek i Sogn og Fjordane, vart det levert inn 125 sekkar.

Søppel
Foto: Erik Waage