Hopp til innhold

Oljeplattformer nærare kysten

Urovekkjande at oljeplattformene borar stadig nærare kysten meiner forskingsdirektør.

Oljeplattformen Thistle Alpha

Oljeplattformer kjem stadig nærare kysten.

Foto: Petrofac / AP

Sidan 2000 er det oppretta 11 kystnære leitebrønnar, det likar ikkje forskingsdirektør Reidar Thoresen ved Havforskingsinstituttet.

- Urovekkjande

Han meiner det er urovekkjande at oljeplattformene borar stadig nærmare kysten. Utanfor Værlandet i Askvoll er plattformene så nære at dei kan sjåast med det blotte auge.

- Dette er ikkje greitt. Vi ser at det skjer uhell, og uhell nært land får lett større konsekvensar enn om det skjer langt ute på havet.

Ifølgje Thoresen kan til og med små utslepp gjere skade når plattformene ligg så nære land.

Dramatiske konsekvensar

Opprenskning etter Statfjord A-utslipp, fartøyet Havila Troll

4000 tonn olje lekka ut frå Statfjord A i 2007. Liknande utslepp nære land kan gje dramatiske konsekvensar.

Foto: Nis Refner, Danmarks Radio

Havet har vore matfat for menneske i generasjonar og kysten er sårbar fortel forskaren. Han har utsleppet frå Statfjord A i 2007 friskt i minne, der 4000 tonn olje lekka ut i Nordsjøen.

Hadde eit slikt utslepp skjedd nærare land, ville det fått dramatiske konsekvensar. Og då særskilt for fiskebestanden.

- Hadde vi fått ein ”blowout” eller eit vesentleg utslepp nære kjerneområda til fiskebestanden, så kunne det ha øydelagt store deler av ein årsklasse til ein fiskebestand. I tillegg har vi potensielle langtidseffektar. Det kunne øydelagt økosystema, og minka kvaliteten til gytefelta, seier forskingsdirektøren.

Fiskarlaget har åtvara

Noregs Fiskarlag har lenge åtvara mot å få oljeeventyret nærare kysten.

- For det første opplev vi større konfliktar med fiske. Det andre er utfordringar når det gjeld miljøet, seier generalsekretær Jan Skjervø.

- Forsvarleg

I fjor vart det sett rekord i nye leitebrønnar på norsk sokkel. Det er oljedirektoratet, Statens Forureiningstilsyn og Petroleumstilsynet som vurderer risikoen ved leiteboring og ordiner drift. Og ifølgje i Oljedirektoratet er det miljømessig forsvarleg.

- I nokre tilfeller er leiteblokkene nærmare land enn dei har vore tidlegare. Det har samanheng med at det vert gjeve godkjenning til blokker som er knytt til ekstern infrastruktur, altså der det er felt i frå før. Men ein skal vere klar over at det ikkje vert gjeve godkjenning til boring om ein ser at det er risikofylt, seier informasjonssjef Eldbjørg Vaage Melberg i Oljedirektoratet.

Betre beredskap

Oljeindustriens Landsforeining seier bransjen har større fokus på tryggleik di nærmare land boringa er. Oljevernberedskapen vert bygd opp for å handtere at det ved uhell vert kortare drivtid før oljen når land.

- Beredskapen er større og skal vere hurtigare på plass, seier fagsjef Egil Dragsund i Oljeindustriens Landsforeining.

Han seier ein aldri kan garantere at det skjer noko, men at sannsynet for uhell er lite og at ein så langt ikkje har hatt effektar i høve til fisk og fiskeri.

- Olje er ikkje framtida

Sild

Fisk kan vere rikdom i tusenvis av år, meiner forskingsdirektør.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men forskingsdirektør Reidar Thoresen vil framleis følgje den vidare konsesjonsgjevinga langs kysten. For oljepengar er ikkje det viktigaste i det lange løp.

- Olje er kjelde til rikdom på kort sikt. Medan fiskebestanden og levande ressursar i havet kan vere rikdom i tusenvis av år. Men berre om vi forvaltar det på ein riktig og god måte.