Hopp til innhold

Plater har losna i tunnel - her får du ikkje køyre utan følgjebil

Plater skal ha losna frå himlingen på Fodnestunnelen på riksveg 5 mellom Lærdal og Fodnes. Trafikken vert slusa gjennom tunnelen med følgjebil.

Køyrer følgjebil

KØAR: Det er noko køar på staden, men følgjebilane køyrer kontinuerleg.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

– Trafikken kan berre gå i det eine køyrefeltet, difor får ikkje trafikken gå gjennom tunnelen utan følgjebil, seier vakthavande hjå Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Det er manuell dirigering på staden, og vegen kan bli stengd i periodar på 30 minutt på grunn av oppryddingsarbeid.

Dei lause platene vart oppdaga like etter klokka 09.

– Det er nokon vassplater som har losna frå veggen og var på veg inn i køyrebana. Dei har ikkje ramla ned, men dei er til fare for trafikken, seier byggjeleiar Rune Dvergsdal.

Har losna på grunn av slitasje

Det vert i første omgang gjort forsøk på å feste platene att.

– Ein må gjere fleire tiltak etterpå, seier Dvergsdal.

Årsaka til at platene har losna er slitasje.

– Det er nok alderen som tek til å prege dei. Men det skal ikkje vere farleg å køyre gjennom tunnelen, seier Dvergsdal.

Erikstad ber trafikantane ta høgde for at dei mister ei ferje når dei må vente på følgjebil.

– Det må ein berre rekne med. Det tek om lag ti minutt kvar veg. Så her vil det nok bli noko kø, seier Erikstad.

Fodnestunnelen