Lokal AP-leiar Astrid Marie Nistad er ikkje nøgd. NRK-foto.
Men leiar i Sogndal Arbeidarparti, Astrid Marie Nistad, meiner at dei lenge etterlyste planane ikkje oppfyller lovnadene Fjordlinje har gitt til Sogndal kommune når det gjeld talet på arbeidsplassar.
Lovde 100 arbeidsplassar
For dei fire investorane i Fjordlinje Eigedom lovde 100 nye arbeidsplassar i reiselivsprosjektet sitt på slakteritomta. Det resulterte i at kommunen brukte forkjøpsretten sin, og dermed heldt den tyske billigkjeda Lidl ute frå tomta dei hadde sett seg ut i Sogndal.
Turisme og høgskule
Heilt sidan då har det vore etterlyst konkrete planar for kva Fjordlinje ville gjera med tomta, og no legg Arne Glenn Flåten i investorgruppa fram dei første planane.
- Fjordsenteret skal vera for turistane om sommaren og elles vera eit verkty for høgskulen i deira utdanningstilbod om vinteren, seier Flåten.
Alt er på idéstadiet, men Flåten skisserer eit ønskje om å byggje opp eit nasjonalt fjordkompetansesenter både for turistar og for akvakulturlinja ved Høgskulen. Med ein akvarievegg, kamera i fjorden og radiomerking vil han gje turistar og forskarar sjansen til å observere livet i fjorden på nært hald.
– Ser bra ut
Clara Øberg tykkjer framlegget ser bra ut og innanfor det politikarane har sagt at tomta skal bukast til. Og lovnaden om 100 arbeidsplassar har Øberg aldri tatt heilt på alvor.
Øberg er gruppeleiar for Ap i Sogndal kommunestyre, og har tidlegare stilt spørsmål ved prosessen rundt slakteritomta.