Hopp til innhold

Personbil hamna på taket i Årdal

Den kvinnelege føraren er frakta til Førde sentralsjukehus med skade i ei hand.

Bil på taket i Årdal

Like før halv fire i dag fekk politiet melding om at ein personbil hadde hamna på taket på fylkesveg 53 ved Kolnostunnelen like utanfor Årdalstangen.

Ambulanse, brannvesen og politi vart sendt til staden.

Den kvinnelege føraren blødde frå ei hand, og vart seinare frakta til sjukehuset i Førde. Det skal berre ha vore ein person i bilen.

Vegen er no rydda og opna att.