Sjå fleire bilete frå brannen i Hyllestad
Lensmann Rolf Aamot seier dei reknar med at det er 30-åringen som har vore sakna sidan bustadbrannen tysdag kveld.
Kripos i arbeid på åstaden. MMS-foto: Janne-Marit Myklebust
Ein familie på tre budde i huset, men sambuaren til den omkomne og eit lite barn var vekkreiste og er i god behald.
Veit ikkje brannårsaka
Fire etterforsakar frå Kripos deltek i etterforskinga av brannen, men så langt er ikkje politiet kome noko nærare i arbeidet med finne årsaka til brannen.
- Brannårsaka er alltid vanskeleg å finne, om ein ikkje har ein nesten intakt åstad. Det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta, men vi håpar å ha meir informasjon i løpet av dagen, seier Aamot.