Hopp til innhold

Person fastklemd av traktor

Ein person har vore i ei traktorulukke i Sogndal.

Sogndal2

–Traktoren har velta og ein person har sete fast, seier Olaug Holme, operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane

Brannvesen, ambulansar og politiet rykte ut. Personen var fastklemd ved traktoren sin, men skal no vere laus.

– Det har kome ein person til han, og flytta traktoren.

Det skal ikkje vere snakk om alvorleg skade.

– Han er skadd, men han snakkar med folk som er på staden, seier Holme.

NRK oppdaterer saka.