NRK Meny

Pengetap for Steinvik Fiskefarm

Sjukdom på fisken gjer at oppdrettsselskapet Steinvik Fiskefarm har tapt pengar. Det skriv Bergens Tidende. Bedrifta, som har sju konsesjonar i Sunnfjord, har aldri tent så godt som i 2016. Men i vår råka ein virussjukdom fisken i to av anlegga deira, noko som får økonomiske konsekvensar, ifølge dagleg leiar Alex Vassbotten.