Hopp til innhold

Pelsdyroppdrettarane føler presset

Pelsdyroppdrettarane på Vestlandet er skuffa etter avsløringane om at heller ikkje leiaren for næringa har gode nok forhold på garden sin.

Blårev

Blårev i pelsdyrfarmen til Finn Årdal

Foto: Hilde Zahl / NRK

- Akkurat dette var litt uventa, og skuffande så klart. Så me som organisasjon må ta tak i dette på ein annan måte og meir alvorleg enn me har gjort som no, seier Vidar Heggheim.

- Kan ikkje ha det slik lenge

Skadd mink i bur

Denne minken vart funnen på pelsdyrfarmen til leiaren i Norsk Pelsdyralslag.

Foto: NRK

Han er leiar i Vestnorsk pelsdyralslag, og hadde aldri trudd at styreleiaren skulle hamne i same situsjon som mange andre oppdrettarar har gjort dei siste vekene.

Heggheim er leiar for 60 oppdrettarar på Vestlandet, og ristar oppgitt på hovudet når han ser gårdsdagens bilete frå Dagsrevyen.

- Det kan vel knappast verta meir press. Slik som me har det no, kan me ikkje ha det veldig lenge, seier Heggheim.

- Umenneskeleg press

Blårev

Blårev i pelsdyrfarmen til Finn Årdal

Foto: Hilde Zahl / NRK

Dei siste vekene har dyrevernarar avslørt rystande tilhøve på pelsdyrfarmar rundt i heile landet. Og i går kom eit nytt sjokk; mattilsynet har funne fleire skadde og døde dyr på garden til styreleiar i Norges pelsdyralslag Bertran Trane Skadsem.

- No er dette berre tipping, men eg trur han har levd under eit umenneskeleg press. Han har vel vorte jaga frå eine plassen til den andre, og basert seg på at andre har gjort jobben, så han ikkje har fått fulgd opp som han ønskja.

Finn Årdal blir møtt av forventningsfulle revar når han viser fram garden sin i Jølster i Sogn og Fjordane.

- Dei kjem alltid og smakar av fingrane når eg er her, for dei kjenner svært godt att folk.

Full tillit til styreleiaren

Men pelsdyroppdrettaren er under stort press. Finn Årdal sit i styret i Norges pelsdyralslag, og nyheiten om at heller ikkje styreleiaren har gode nok forhold på garden er tung å handtere.

Finn Årdal

Finn Årdal, styrerepresentant i Norges pelsdyralslag

Foto: Hilde Zahl / NRK

- Det er i alle fall ubehageleg for han sjølv. Og å sjå skadde dyr på fjernsynet er ikkje det fine bilete for nokon av oss.

Men han har framleis full tillit til styreleiaren.

- Han driv ein svært veldriven pelsdyrfarm på mange måtar. Eg er overbevist om at han kjem til å retta opp umiddelbart.

Ber om møte

På garden til Bertran Trane Skadsem i Rogaland er det 13 000 mink. På garden til Vidar Heggheim i Naustdal er det berre 400 dyr. Han meiner næringa har vokse seg for stor og krev no eit møte med leiinga i pelsdyrlaget i neste veke.

- Det er veldig tungt å vera pelsdyroppdrettar no. Mange føler seg sjølvsagt uthengt, jaga og urettferdig handsama. Eg trur framleis dei aller fleste pelsdyroppdrettarar driv gardane bra og behandlar dyra godt, og då er dette sjølvsagt tung.