Hopp til innhold

Passasjer (ar) sørga for skikkeleg dritjobb

Ein eller fleire i overkant trengde turistar gjorde lufta sur og jobben tung for dei tilsette om bord i fjordcruisebåten "Vision of the Fjords".

Vision of The Fjords

FÅR UT ALT: 'Vision of The Fjords' blei liggande utpå fjorden i Flåm etter at nokon stappa dassen full ...

Foto: NRK-tipsar

– Nei, kva skal eg seie. Dette blei ein skikkeleg dritjobb, seier administrerande direktør i reiarlaget The Fjords, Rolf A. Sandvik, til NRK.

Den flunkande nye og hypermoderne båten, måtte leggast til kai i Flåm torsdag ettermiddag.

Ikkje fordi elmotorane svikta, men fordi nokon rett og slett hadde stappa noko ned i do. Kva dette «noko» er veit ikkje reiarlaget, og truleg vil ein vel heller ikkje granske tankane så nøye heller ...

– Vakuumtoaletta blei rett og slett pottetette, og no ventar vi på hjelp for å få fiksa problema som oppstod. Utan fungerande toalett om bord, så har vi rett og slett ikkje lov å gå i rute, seier Sandvik.

– Kva med dei som venta på å bli frakta på fjorden av den nye båten?

– Vi kunne heldigvis flytte dei nye passasjerane over på andre båtar med ledig kapasitet, slik at dei fekk den flotte turopplevinga.