Hopp til innhold

Slikt påskevêr blir det definitivt ikkje

Det var håp om i alle fall ein fin andre påskedag. No ser det heller ikkje ut til at den byr på påskevêret vi aller helst ynskjer oss.

Kva bør du passe på om du skal kjøpe hytte på fjellet?

STRÅLANDE: Om det er det fine påskevêret eller regnet som kjem i byer, kan ein nok diskutere. Vekslande blir i alle fall vêret denne påska.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Det seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

– Måndag såg tidlegare ut til å bli bra, men det ser ut til å bli periodar med litt nedbør, seier ho.

Byeaktivitet

Dermed fall det siste vesle håpet om late dagar med strålande sol og skyfri himmel denne påska. Rett nok, i periodar kan det nok bli rimeleg greitt vêr å ha fri i.

Snøgrensa ligg onsdag på 200 til 400 meter. Utover onsdag kveld eller natt til onsdag vil vinden dreie, og med nordavind er det venta noko lettare ver.

– Skjærtorsdag held nordavinden fram, men snøgrensa vil nok krype litt høgare. Frå ettermiddagen blir det ganske bra vêr i ytre. Det ser ut til at nedbøren trekkjer seg litt vekk ut på kvelden, slik av i også kan få opphaldsvêr i indre delar, seier Thaule.

– Det blir noko sol

Fredag kveld aukar vinden til søraustleg frisk bris og det er venta bygevêr att. Over 200–400 meter kjem nedbøren som snø.

– Det blir lange periodar med opphaldsvêr og noko sol. Byene blir spreidde på fredagen, seier Thaule og held fram med prognosane for laurdagen.

– Det blir mykje det same, med litt spreidde byer som i fjellområda kjem som kvit nedbør. Slik ser det også ut til å bli søndagen, men med litt færre byer på kvelden.