Hopp til innhold

Påskefjellet i skotet som aldri før

Påskeferien er i gang, og det er stor pågang på overnattingshyttene i fjellet.

Skogadalsbøen Turisthytte

LANGT AV LEI: Langt inn i Utladalen, i Jotunheimen Nasjonalpark, ligg turisthytta på Skogadalsbøen. Her er det 14 km til næraste bilveg, og gjestene lyt ta seg hit på ski. Berre dei tilsette får lov til å kome på snøscooter.

Turisthyttene kan melde om ei påske rik på snø, trass i den nokså seine påska.

Trine Marie Johansen, som driv staden

HO DRIV STADEN: Trine Marie Johansen driv Skogadalsbøen-hytta saman med sambuaren sin. Hytta i Jotunheimen ligg i eit krysningspunkt mellom ulike skiløyper, og er ein naturleg kvilestad på vegen for mange ivrige skigåarar.

Foto: Privat

– I natt var det stille og roleg med berre éin gjest. Han slappa av framom peisen etter ein skitur. Men vi har fått bra med bestillingar innfor påska, og laurdag kjem folk strøymande hit på ski, seier Trine Marie Johansen ved Skogadalsbø-hytta.

Med skøyrt telefonsamband og utan bilveg eller internett, kan gjestene drøyme seg tilbake til ei meir førteknologisk tid medan dei er der. Nokre set so stor pris på roa i øydemarka at dei vert verande fleire dagar.

Stor pågang like austanfor fylkesgrensa:

Berre litt lenger aust for Utladalen, rett over fylkesgrensa til Oppland, finn vi mellom anna Tyinnholmen høyfjellsstuer og Fondsbu turisthytte. Der har dei 72 og 100 sengeplassar i alt, høvesvis, og dei ser alt no ut til å ha fulle hus mest heile påska, slik dei ogso hadde i fjor. Folk kjem farande frå alle kantar.

Folk valfartar hit jamvel frå fjerne land, seier Solbjørg Kvålshaugen ved Fondsbu turisthytte. Medan ho snakkar med NRK i telefonen, lempar ho inn store kvantum med matvarer frå beltebilen.

Solbjørg Kvalshaugen i Jotunheimen

Solbjørg Kvålshaugen kan melde om gode snøforhold ved Fondsbu turisthytte i år. 1,1 meter snø ved hytta, og 2,7 meter djup snø lenger opp i dalen. I bakgrunnen ser vi Jotunheimen.

Foto: privat

– I morgon, laurdag, kjem dei alle saman, seier ho. – Fredagskvelden treng folk å summe seg før dei skal gje seg opp på påskefjellet.

Gjestene kjem stort sett i to puljar, somme kjem palmesundagshelga og vert til onsdagen, medan andre kjem i midtveka og vert på hytta her til over påskeaftan.

Friluftstilbod rett utanfor stovedøra

Styreleiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, minner om at påska kan vere eit fint høve til å oppleve fjellområda ikring seg på ein ny måte.

Ask er sjølv turleiar på somme av turane til turlaget. No i påska arrangerer dei ti fotturar, og program over turane ligg på heimesidene deira. Alle er velkomne til å vere med.

Marino Ask

EIT FANTASTISK PÅSKEFYLKE: Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag minner om at ein kan gå på fantastiske påsketurar i nærområda over alt der ein er i fylket. I Indre Sogn, Indre Nordfjord og også i Førde, Jølster og Gaular kan ein gå på feiande flotte skiturar også, seier han.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vi lever i eit fylke med fantastisk natur, og so finst det flust i enkle sjølvbetent-hytter i regi av DNT som ein kan overnatte i. Ein kan gå dit på eiga hand, eller vere med på sosiale turar i regi av turlaget. No i påska er det i tillegg to hytter som skal ha open dag, seier Ask, og seier det vert sosiale og hyggjelege tilstellingar med enkel servering.

Det er snakk om Skongeneset sør for Stad, der det vert ope fyr fleire gonger gjennom påskeveka, og so skal det vere open dag i Moldahytti i Svelgen på palmesundag.

– Ei perle

Ask seier det finst verkelege perler blant turisthyttene i fylket. Eit døme er Råkeneset Turlagshytte på Solund.

– DNT-hytta er eigentleg ein gamal husmannsplass, og det er ei oppleving å kome dit, seier han.