Hopp til innhold

Pasientombodet uroa for kvaliteten ved legevakta i Førde

Sidan nyttår er det kome fleire klager på legevakta i Førde, og tre av sakene er så alvorlege at det er oppretta tilsynssak. Leiinga vedgår for dårleg bemanning.

Runar Finvåg

UROA: Fungerande pasientombod, Runar Finvåg, stiller spørsmål ved om pasientane på den interkommunale legevakta i Førde får god nok behandling.

Foto: Roar Halten / NRK

Den interkommunale legevakta for dei ni sunnfjordkommunane har berre ein lege på vakt, og fungerande pasientombod Runar Finvåg fortel at det er ein ting som går att i klagene.

– Pasientar har opplevd å bli avvist og sendt heim. Dei har fortalt om ei legevakt som har lita tid, er stressa og avvisande, seier han.

Blir lagt inn på sjukehus

I fire tilfelle har pasientane kort tid etter at dei har blitt sendt heim frå legevakta, blitt betydeleg sjukare og innlagt på sjukehus.

– Det er klart at når såpass mange blir innlagt innan kort tid med alvorleg sjukdomsbilete, så må vi stille spørsmål ved om dei får god nok behandling på legevakta, seier Finvåg.

I dag er det ein lege på vakt, og ein på tilkalling, ved legevakta som ligg i bygget til Førde sentralsjukehus. Pasient og brukarombodet har no sendt bekymringsbrev til legevakta.

– Når pasientane fortel om stress og avvisande legar kan det tyde på at dei har mykje å gjere, og kanskje for mykje, seier Finvåg.

Lovar betring

Øystein Furnes

HAR VORE MARGINALT: Legevaktsjef i Sunnfjord, Øystein Furnes, hevdar at legane har klart å gjennomføre oppgåvene sine, men at det har vore marginalt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Sjef for legevakta Øystein Furnes vedgår at bemanninga ikkje er god nok.

– Dette har vi vore kjent med lenge og har jobba med det lenge. Legevakta har vore godt nok bemanna for å klare si oppgåve, men det har vore marginalt, seier han.

No lovar Furnes betring. Frå 1. januar skal det vere to legar på legevakta, og fleire sjukepleiarar.

– Vi ønskjer sjølvsagt ikkje at pasientar skal møtast på denne måten. Vi er heilt sikre på at det å vere to legar på vakt vil føre til at legane har meir overskot og meir tid til å ta seg av pasientane på ein god måte, seier han.