NRK Meny
Normal

Pasientombodet fryktar tillitskrisa i Helse Førde vil ramme pasientane

Pasientombod Lisa Refsnes fryktar at innbyggarane i Sogn og Fjordane blir taparane av tillitskrisa i Helse Førde. Ho forventar at styret raskt finn ei løysing.

Lisa Førde Refsnes

UROA: – Dette kan skade omdømme og rekruttering, seier pasientombodet i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg har berre følgt saka frå sidelinja, men det eg konstaterer er at saka har gått føre seg over lang tid, utan at det ser ut til som at dei klarar å få ein ende på konflikten.

– Eg tenker at det beste for pasientane i Sogn og Fjordane er at Helse Førde har eit godt omdømme og at dei klarer å rekruttere dyktige folk til tenesta. Når situasjonen er som den er no, vil det skade omdømmet og gjere det vanskeleg å få folk til å ønske å jobbe i Helse Førde.

Det seier Lisa Refsnes, pasientombod i Sogn og Fjordane.

Mistillit

Tysdag gjekk dei tillitsvalde for legane i helseføretaket ut og varsla at det var eit «utbreitt, omfattande og alvorleg tillitsbrot mellom toppleiinga og leiinga i fleire nivå nedover».

Torgeir Folkestad, Jens Ola Evjensvoll, Hans Jacob Westbye

TILLITSVALDE LEGAR: F.v. Torgeir Folkestad, Jens Ola Evjensvold og Hans Jacob Westbye.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi er komen til eit punkt der vi ikkje kan kome vidare utan at det skjer radikale endringar i føretaksleiinga, sa føretakstillitsvald Torgeir Folkestad i Yngre legars foreining.

Krev løysing

Slikt uroar pasientombodet, som krev at styret i Helse Førde straks gjer tiltak som fører konflikten ut av verda.

– Eg forventar at styret heile tida jobbar aktivt med saka, og har i sikte ei løysing som kan lande konflikten, seier Refsnes.

Styreleiar Agnes Landstad meiner pasientane i fylket kan ta det med ro.

– Heldigvis har vi tal og data som syner at pasientbehandlinga i Helse Førde er svært god. Kvalitetsindikatorane viser at Helse Førde yter trygge og gode tenester med høg kvalitet til innbyggarane, vi er blant dei beste i landet.

– Så er eg samd med pasientombodet i at det ikkje er bra korkje for tilsette eller pasientar at vi har slike diskusjonar internt og i media. Det er ikkje bra for omdømmet vårt.

– Difor jobbar styret systematisk for å løyse dette. Det er også eit ansvar og ei forventing at alle bidreg til eit tillitsfullt samarbeid, seier Landstad.

Jobbar systematisk

– Er det slik at styret har vore handlingssvake her?

– Det må stå for pasientombodet si rekning. Styret arbeider systematisk med denne prosessen og det meiner vi at vi gjer på ein skikkeleg måte.

– Dei nye innspela til legane skal vi handsame i neste styremøte, seier Landstad.

Agnes Landstad

KONFLIKT: Agnes Landstad er styreleiar i Helse Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.