Hopp til innhold

Pasient rømde frå sjukehuset – pågripen ved barnehage

To politipatruljar rykte ut for å hjelpe helsepersonell etter at ein pasient rømde frå ei avdeling ved Førde sentralsjukehus.

Politiet bistod helse

PÅGRIPEN: Mannen som tysdag ettermiddag rømde frå ei avdeling ved sentralsjukehuset vart pågripen i nærleiken av ein barnehage.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen sprang igjennom sjukehuset, og vart pågripen i nærleiken av ein barnehage ikkje så langt frå sjukehuset.

Politiet fekk ifølgje loggen sin melding om hendinga klokka 1320.

– Han var oppfarande i måten han var på, og kunne virke skremmande på dei rundt seg, opplyser politiet.

Mannen hadde heile tida personell i nærleiken dei 15–20 minuttane han var vekke frå avdelinga. Politiet understrekar at han aldri var ute av syne for helsepersonellet.