Hopp til innhold

– Skjøner godt at folk feilparkerer

Berre i går vart det skrive ut fem parkeringsbøter ved sentralsjukehuset i Førde. Fagforeiningsleiar Kari Daltveit meiner problemet er at det er for få parkeringsplassar.

- For lite parkeringsplassar

LITE P-PLASS: Kari Daltveit, leiar for Fagforbundet Helse Førde, meiner det er for få parkeringsplassar utanfor sentralsjukehuset.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg skjøner godt at folk feilparkerer, slik situasjonen er no, seier ho.

Terje Jan Nes er sjef for den tekniske drifta i Helse Førde og har ei heilt anna oppfatning.

– Dersom folk brukar dei plassane som er, så skal det vere tilstrekkeleg, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ein spansk ein

EIN SPANSK EIN: Mangel på parkering gjer at fleire tek sjansen på å parkere ulovleg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Verst rundt vaktskiftet

Kari Daltveit seier at parkeringa rundt sentralsjukehuset har vore eit problem lenge, men at det har vorte verre etter at ein starta å byggja den nye luftambulansebasen.

Ho seier det er spesielt ille ved vaktskiftet, mellom to og halv tre.

– Eg veit at dei tilsette brukar mykje tid på å leite etter parkeringsplassar. Då reknar eg med at det gjeld andre òg, seier ho.

– Meiner du at det har det blitt gjort nok for å skaffe fleire parkeringsplassar, etter utbygginga av helikopterbasen starta?

– Det har kome ein ny parkeringsplass mellom høgskulen og ungdomspsykiatrisk avdeling. Det har hjelpt godt på. Om den er godt nok kjent, er ein annan ting. Men dei må nok gjere noko meir. Det kan ikkje vere slik at dei tilsette skal vere usikre på om dei blir møtt med bøter når dei er ferdige på jobb, seier ho.

Parkeringsbot på sentralsjukehuset i Førde.

FLEIRE FEKK BOT: Berre i går vart det skrive ut fem parkeringsbøter ved sentralsjukehuset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

(Artikkelen held fram under biletet)

– Betre no enn for eit år sidan

Terje Jan Nes er sjef for den tekniske drifta til Helse Førde.

Han seier det er spesielt den siste veka at folk har byrja å parkere på plenane utanfor sjukehuset.

– Vi har tillate litt villparkering fordi vi ikkje ville vere for restriktive i byggeperioden. Men no går det ut over utearealet. Parken er verna av riksantikvaren og vi kan ikkje tillate at den blir øydelagt av bilar, seier Nes.

Driftssjefen seier dei måtte fjerne mellom 30 og 40 parkeringsplassar, då utbygginga av luftambulansebasen starta, men at desse vart erstatta med 80 nye parkeringsplassar.

– Det er betre parkeringsdekning no enn det var for eit år sidan. Då er det litt rart at folk skal parkere på plenen, seier han.

Gratisparkeringa er dårleg merka, noko som fører til at mykje luft mellom bilane. Terje Jan Nes seier at alle parkeringsplassane vart merka opp igjen i fjor.

– Men der er det mykje brøyting og trafikk, så merkinga kan ha slite vekk og kanskje forsvunne. Slikt kan skje, men det skal bli merka opp att, seier han.

Ny parkeringsplass ved sentralsjukehuset

LITE KJENT: Den nye parkeringsplassen ved ungdomspsykiatrisk avdeling skal erstatte parkeringsplassane som gjekk tapt på grunn av bygginga av ein ny base for luftambulansen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK