NRK Meny
Normal

Paraglider krasja på øy i Florabassenget

Ein paraglider krasja på Risøya utanfor Florø. Ein mann fødd i 1989 ligg på intensivavdelinga på Førde Sentralsjukehus med lettare skader.

Florabassenget

KRASJA PÅ ØY: Ein tandemparaglider krasja på Risøya i Florabassenget laurdag.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.57.

Det var under opptrekk av ein tandemparaglider at ulukka skjedde. Det er Våt Moro-festival i Florø denne helga, men turen det gjekk gale med var ikkje i regi av festivalen.

– Under opptrekket har dei fått problem med vinden og at dei skar ut til sida og landa i ulendt terreng slik at tandemeleven vart skadd, seier presseansvarleg Roger Bareksten til NRK.

– Det er ikkje i regi av festivalen. Fjordane Luftsportklubb, som me har leigd inn til å ta seg av turane under festivalen, har tatt ein tur som ikkje var i regi av oss, seier Bareksten.

Risøya ligg eit par kilometer nord for Florø sentrum.

Laster kart, vennligst vent...
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy