NRK Meny
Normal

Stilte med kniv og finlandshette på mottak

Mennene som stilte med kniv og finlandshette utanfor asylmottaket i Førde hevda det var ein spøk. – Det er den dårlegaste spøken eg har høyrt om i mi politikarriere, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes.

Førde asylmottak på Bergum

ARKIVFOTO: To norske menn i 20-åra hevda det var ein spøk då dei møtte opp utanfor mottaket med kniv og finlandshette.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet fekk like over klokka 13 melding om to maskerte menn med kniv utanfor asylmottaket på Bergum.

Mennene vart pågripne kort tid etter dei to mennene i 20-åra. Begge er norske.

– Dei har forklart i avhøyr at det var meint som ein spøk, og er no lauslatne, fortel operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mennene hevda dei kjende nokre bebuarar som stod utanfor mottaket. Det var desse dei skulle spøke med.

– Hendinga skapte frykt hos innringar som observerte det frå ein annan posisjon, seier Hatlenes og er lite imponert over spøken til mennene.

– Saka blir følgd opp ved lensmannskontoret, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser