Hopp til innhold

Pågripne for innbrot – fann tjuvegods frå brannåstad

Det kan vere ei kopling mellom eit innbrot på Stadlandet og ein husbrann i Selje.

To ungdomar under 18 år er pågripne av politiet og har no status som sikta for eit innbrot på Stadt Servicesenter. Innbrotet skjedde natt til 4. juli. Den eine av dei sikta høyrer heime på Stadt.

– Det var eit grovt tjuveri, seier politiførstebetjent Lisbeth Engesæter.

Då politiet pågreip dei to tenåringane, fann dei tjuvegods frå Stadt Servicesenter og frå eit hus som brann i Selje heime hos dei.

Huset, som byrja å brenne 5. juli er totalskadd, men ingen personar kom til skade.

– Etter undersøkingar, rundspørjingar og tips fann vi fram til dei to ungdomane, fortel Engesæter.

Dei vil ikkje seie noko om koplinga mellom brannen og dei to før dei har gjort fleire avhøyr og undersøkingar.