Hopp til innhold

Pågripen for valdtekt – sparka politimann

Ein mann 30-åra er i Sogn tingrett dømt til tretti timar samfunnsstraff for å ha skjelt ut og angripe ein politimann.

Sogn tingrett

FEKK SAMFUNNSSTRAFF: Sogningen må no gjere opp for seg, etter å ha blitt dømt for truslar og vald mot ein politimann.

Foto: Arve Uglum / NRK

For snart eit år sidan vart mannen pågripen i sin eigen heim etter mistanke om valdtekt. Denne saka mot han vart seinare lagt vekk. På veg til arresten vart mannen stadig meir hissig og byrja å slenge med kjeften. Mellom anna kalla han politimennene for «forbanna idiotar», «forbanna homo», «skadde i hovudet».

Ved ein stopp på ei ferjekai bad mannen om å få gå på toalettet. Då han fekk beskjed om å vente til dei var komen på ferja, urinerte han i staden i politibilen.

Vel om bord freista mannen å henge seg i bilbeltet. Vedkomande var svært rusa, ei utandingsprøve teken før han vart sett i politibilen viste eit utslag på over to i promille.

Tumultane heldt fram då mannen skulle settast på cella. Han vart beden om å ta av seg jakka, fordi ho hadde fleire snorer han kunne bruke til å skade seg sjølv med. Sogningen nekta, sjølv om han vart tilbydd fleire teppe for å halde seg varm.

I basketaket som følgde sparka mannen ein politimann i kneet, før han langa ut med to slag mot hovudet til same politimann, då vedkomande var i ferd med å forlate cella og stod med ryggen til. Det første slaget bomma, medan slag nummer to vart parert.

I same dom vart mannen i 30-åra funnen skuldig i å ha køyrt utan førarkort, eit førarkort han hadde mista for godt etter ein promilledom i 2007.

I retten tilstod mannen alle punkta i tiltalen. For ugjerningane vart han dømt til tretti timar samfunnsstraff, alternativt tretti dagar i fengsel. Mannen må òg dekke sakskostnadene på sju tusen kroner.