Hopp til innhold

På nytt frifunnen for vald mot dørvakter

Ein sunnfjording i 20-åra er for andre gang frikjent for vald mot dørvakter ved ein utestad.

Gulating lagmannsrett

ILLUSTRASJON: Heller ikkje Gulating lagmannsrett gav påtalemakta medhald i at sunnfjording utsette ei dørvakt for vald.

Foto: Reinhardheydt / Wikimedia Commons

Påtalemakta var lite nøgd med at Fjordane tingrett frifann mannen for dette tiltalepunktet.

Men heller ikkje Gulating lagmannsrett kunne sjå bort frå at slaga ei novembernatt i Florø for to år sidan, var utilsikta.

Ordna håret på do

Situasjonen oppstod då mannen ordna håret sitt på eit toalett ved ein utestad, medan ein tilsett venta på å få sleppe til.

Vedkommande drog ut den rusa sunnfjordingen og ei dørvakt kom til då dei to byrja å diskutere.

Vakta meinte han såg dei to dytte på kvarandre og tok med seg den rusa gjesten ned ei trapp. Kva som då skjedde er partane usamde om.

Ikkje forulemping

Vakta forklarte at mannen slo han svakt i magen og klamra seg til gelenderet. Tiltalte derimot sa at vakta pressa han mot og over eit gelender med armgrep.

Lagmannsretten kunne ikkje sjå vekk frå at slaget var utilsikta veiving grunna armgrepet.

Retten meinte av den grunn at mannen verken forulempa eller gjorde skade på vakta, slik tiltalen gjekk ut på.

Vald mot politiet

Men mannen kjem ikkje heilt ustraffa frå byturen. Politiet tok sunnfjordingen med seg vekk frå utestaden og sette han på bakken med handjarn. Ein av betjentane meinte han prøvde å sparke etter ein kollega, og la mannen i beinlås på bakken.

Då betjenten etter kort tid sleppte grepet skal mannen ha sparka til betjenten i låret.

Medan Fjordane tingrett ikkje kunne sjå bort frå at sparket var ein refleks, meinte fleirtalet på tre meddommarar og tre lagdommarar at mannen sparka med vilje. Han vart også funnen skuldig i å ha trua ein av politibetjentane.

Straffa på 10.000 kroner i bot frå Fjordane tingrett vart i lagmannsretten til 27 timar samfunnsstraff som skal gjennomførast på 120 dagar.