- Vi bønder må bli meir merksame på farane som lurer, seier leiar Bjarte Nordanger. - Eg trur at det er haldningsendring som er viktig. Vi må ha ein gjennomgang på kvar farlege situasjonar kan oppstå.
Mellom tre og fem barn døyr
Fram til 1999 vart det ført statistikk over ulukker med barn på gardar. Men no fell desse ulukkene mellom fleire stolar reint statistikkmessig. Likevel har Landbrukets HMS-teneste kome fram til at ein stad mellom 30 og 50 barn har mist livet i slike ulukker her i landet dei siste ti åra.
Traktoren den største risikoen
Lokale tal er vanskeleg å få fram, men det er på det reine at det skjer ulukker også i Sogn og Fjordane. Kolbjørn Taklo arbeider med helse, miljø og tryggleik innan landbruket, og han meiner traktoren er den største risikoen. Og ulukkene skjer når bonden har det mest hektisk og har tankane andre stader enn på at farane lurer, seier han.
- Ein er mest fokusert på å få gjort det arbeidet ein skal gjere, då er det lett å oversjå noko. Det er viktig å tenkje på kva som er det verste som kan skje, for ulukker skjer når ein minst ventar det, seier Taklo.
Liv og helse
Og no vil bondelaget sette søkelyset på barneulukker på gardane, gjennom eit kurstilbod med namnet Liv og helse, seier leiar Bjarte Nordanger.