Hopp til innhold

Lyset tilbake på Flo

Innbyggjarane på Flo var straumlause i morgontimane i dag. Energiselskapet fekk kobla på straumen i 11.30-tida.

Flo

SVART PÅ FLO: Stryn Energi jobbar med å få straumen tilbake til bygda Flo.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

SISTE: Energiselskapet fekk kobla på straumen til Flo i 11.30-tida. Det var ei linje som hadde fått eit brot, opplyser Ørjaseæter.

– Straumen gjekk i 06-tida i dag, seier nettsjef i Stryn Energi, Hans Ørjasæter.

Feilen er lokalisert mellom Veslebygda og Flo i Stryn. Dermed er 30 abonnentar straumlause.

– Vi prøvar å kople på straumen på for å lokalisere feilen. Det er komme mykje snø i området og i løpet av natta har det også gått ras over eit rasoverbygg der. Men det er ikkje heilt trygt dette området, seier Ørjasæter.

Dermed må selskapet kanskje vente til det lysnar før dei kan ta seg inn i området. Straumlinja ligg ovanfor vegen og for å ta seg fram til feilen må dei truleg bruke helikopter.

– Vi jobbar med å sende ut informasjon via sms til abonnentane, men vi kan førebels ikkje seie noko om kva tid feilen kan bli utbetra, seier Ørjasæter.