Hopp til innhold

P3-Ronny fridde på ferie i heimfylket: – Rart at det var så skummelt

Eit besøk i Sommeråpent og hekleopplæring i stova heime i Førde tvang fram endringar i frieriplanane.

Fridde på ferie
Foto: Privat

I sommar forlova Ronny Brede Aase seg med kjærasten Tuva Fellman. Torsdag fortalde han lyttarane i morgonsendinga på P3 korleis frieriet gjekk føre seg. Aase fortel at han merka at det var noko som mangla då han var vekke frå kjærasten i sommar.

– Eg har kjent på det lenge, men i sommar tenkte eg berre «det må skje og det må skje no». Det synest eg var skikkeleg skummelt, seier Aase i sendinga.

I sommar var Aase på ferie heime hjå foreldra i Førde. Dei fekk ikkje vite noko om frieriet.

– Eg tenkte at eg i alle fall ikkje skulle seie det til foreldra mine på førehand, for om det er to personar som ikkje klarer å halde kjeft er det dei.

Planla å fri på Hoven

Først planla Aase at han skulle ta med seg Fellman til Loen Skylift onsdagen før dei skulle på Malakoff, for å fri på toppen av Hoven.

– Så kjem kjærasten min til Førde, etter å ha jobba ei veke på Sommeråpent, og seier at Sommeråpent vil ha meg som gjest den onsdagen.

Aase begynte då å tenkje på kva han kunne seie for å ikkje måtte vere med på programmet.

– Den einaste gyldige unnskyldninga til å seie at eg ikkje er interessert er jo å seie at eg skal fri, og det kan eg ikkje.

Hekleopplæring skapte problem

Besøket på Sommeråpent gjorde at Aase måtte legge om på planane. Den nye planen vart å fri då dei stoppa for å bade på vegen til Gloppen, der programmet vart sendt frå. Denne planen vart også truga etter at Fellman spurte om mora til Aase kunne lære ho å hekle.

– Der går det to, tre og fire timar.

Etter kvart kom Aase og Fellman seg i veg mot Gloppen. Det første stoppet skulle vise seg å ikkje vere ein ideell plass å fri på.

– Vi stoppar rett ved europavegen, det er grått og trist, trafikken dundrar forbi og eg tenkjer «her kan eg ikkje fri».

– Utruleg rart

Seinare fann Aase ein plass som var betre egna. Sjølv om han var sikker på at han skulle få eit «ja», fortel han at han aldri har vore så nervøs som han var før han skulle gå ned på kne.

– Det er utruleg rart at det var så skummelt å skulle fri, men eg fekk det til.

Sjølv om han først var nervøs, fortel Aase at dagen enda med å verte heilt perfekt.

– Etterpå var det ei veldig herleg kjensle, og det er utruleg herleg å vere forlova. Det var veldig stas, og det er veldig stas. No gler eg meg til å planlegge bryllaupet – dét skal verte fest, det.

Ronny Brede Aase fra P3morgen har forlovet seg i sommer. Her forteller han hvordan det gikk for seg!