Hopp til innhold

Øyvind sette meisterskapsrekord

Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) har skrive seg inn i historiebøkene i dag. Med tida 50,38 på 400 meter hekk under NM i Tønsberg vart det både gull og meisterskapsrekord.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

NM-GULL: Øyvind Strømmen Kjerpeset leverte varene under 400 meter hekk i NM. Tida 50,38 er den beste tida på distansen i eit NM gjennom alle tider.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk friidrett Sogn og Fjordane seier prestasjonen er uhyre sterk.

– Øyvind viser stabilitet på eit veldig høgt nivå no. Vinnartida og gullet hans i dag er også meisterskapsrekord. Det vil seie det beste vinnarresultatet på distansen gjennom alle tider i NM – det er kjempeflott, seier Heggheim til NRK.no.

Bak rekorden

Talentet frå Florø var soleklar gullfavoritt på øvinga, og det er ingen tvil om at han innfridde.

– Det er nokon få tidelar bak den norske rekorden hans, men sett under eitt, så er dette eit kjempeløp, skryt Heggheim.

Han er trygg på at ein kan love at ungguten har ei lovande karriere framfor seg.

– Øyvind er framleis ungdomsløpar, og om ein ser på hekk internasjonalt framover så er han veldig ung og presterer fantastisk bra. Han har alle moglegheiter for å utvikle seg mot internasjonale meisterskap, seier Heggheim.

Favoritt på 200 meter

– Men no er det NM som tel og han har prestert veldig bra på 400 meter hekk allereie, og vi ser fram til at han skal kjempe om gullet på 200 meter i morgon, seier Heggheim.

Øystein Strømmen Kjerpeset stod i dag over 100 meter fordi det vart for tett mellom finalen der og 400 meter hekk. Men i morgon er han klar i blokkene når det er 200 meter.

Jaysuma Saidy Ndure stiller ikkje til start på grunn av ei skade, dermed må Florø-guten tole å vere favoritt på øvinga.

– Jaysuma stiller ikkje grunna skade, så Øyvind har den klart beste norske tida bak han. Han må nok finne seg i å vere favoritt på 200 meter. Det blir spennande å sjå om han innfrir.

Og Heggheim er trygg på at NM-gullet på 400 meter hekk ikkje gjer Kjerpeset så gira at han ikkje greier levere varene på søndag.

– Det er det ingen fare for. Øyvind har eit fantastisk konkurransehovud og greier nullstille seg og køyre på på 200 meter. Når han er i blokkene er det fullt fokus, seier han.

Forsøksheata på 200 meter for menn startar klokka 10.30 søndag, medan finalen går 13.45.