Øvrebotten ønskjer eit avbrot før ho tek til i stillinga, og går difor av 12. mars. Ytterlegare to medarbeidarar skal rekrutterast til Nynorsk mediesenter før drifta kjem i gang.
Skal styrke nynorsken
Det var styret i NRK som i fjor vedtok å opprette Nynorsk mediesenter i tilknyting til NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane.
- Målet er å styrke nynorsken si stilling i NRK, og etter kvart også i andre norske medier, seier utviklingsredaktør i NRK, Erik Berg-Hansen i ei pressemelding.
Ifølgje planane skal det takast opp 8-10 praktikantar kvart år som gjennom teori og praktisk trening skal få styrka kompetanse på nynorsk eterspråk og journalistiske arbeidsmetodar.
Magni Øvrebotten blir sjef for Nynorsk mediesenter, medan Kai Aage Pedersen blir konstituert distrikts-redaktør. (Foto: Jostein Nyfløtt, NRK)
Magni Øvrebotten har vore distriktsredaktør i Sogn og Fjordane sidan 1990 og er følgjeleg den av distriktsredaktørane i NRK som har site lengst i stillinga.
Pedersen bli konstituert
Redaksjonssjef Kai Aage Pedersen blir konstituert som ny distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 15. mars og fram til ny distriktsredaktør er tilsett seinare i vår.
Vaktsjef Rolf Sanne-Gundersen blir konstituert som redaksjonssjef.