Trafikklærar Joar Solberg i Sogndal reagerer sterkt på dette, og seier dette vil føre til dyrare førarkort for elevar frå Sogn.
Dyrare glattkøyring
- Glattkøyringskurs kostar i dag 1700 kroner. Når vi no må betale for reisa, så kjem glattkøyringa til å koste godt over 2000 kroner. Og før greidde vi oss med ein halv dag, no må vi bruke heile dagen, seier Solberg.
Solberg meiner NAF sentralt umogleg kan ha teke inn over seg geografien og samferdsletilhøva i Sogn og Fjordane generelt, og bommen i Fjærland spesielt.
- Ikkje NAF sitt ansvar
Svein Larsen som er leiar for trafikkopplæringa i NAF, er godt kjend med Fjærlandsbommen. Men han seier dei ikkje kan ta ansvar for dyrare køyreopplæring.
- Det er ikkje NAF som har det obligatoriske kravet til glattkøyringa, det er vegdirektoratet, seier Larsen.
Tidlegare var det reglar som bestemte kor lang reiseavstand køyreelevane kunne ha til eit glattkøyringskurs. Desse reglane er no borte, og det er ein viktig grunn til at nedlegginga kjem no, seier Larsen.