NRK Meny
Normal

Overraska over at politiet har gitt opp kampen

Politiet har gitt opp kampen for å bevare Sogn og Fjordane politidistrikt som eige distrikt.

Anne Karin Hamre

OPPSIKTVEKKANDE: Fylkesmann Anne Karin Hamre ser ikkje poenget med politiske prosessar om skjebnen til Sogn og Fjordane politidistrikt allereie er bestemt.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Det kom fram under ein beredskapskonferanse i Florø onsdag. Men framtida til Sogn og Fjordane politidistrikt er framleis usikker. Fylkesmann Anne Karin Hamre, som deltok på konferansen, er overraska over at politiet har gitt opp.

– Eg tykkjer det er veldig oppsiktsvekkande det som kom fram i innlegget til politiet. Viss det er slik at omorganiseringa kome så langt at det ikkje er noko veg tilbake, men at Sogn og Fjordane må bli slått saman med Hordaland, så lurer eg på kva vi skal med politiske prosessar, seier Hamre.

– Kva er vitsen?

Talet politidistrikt er foreslått redusert frå 27 til 6. Politiinspektør Stig Inge Hauge sa i går under bereskapskonferansen at dei veit lite, men det som er mest realistisk, og det dei kan sjå føre seg, er ei samanslåing med Hordaland.

Til stades på konferansen var også statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans Røsjorde. Han sa i eit innlegg at planen til regjeringa er å leggje fram ny organisering av politiet før jul.

– Men kva er vitsen viss dette allereie er bestemt av politidirektøren? spør Hamre.

Ho seier at dersom det no er slik at løpet er lagt og politikarane stiller seg bak ei organisering der Sogn og Fjordane kjem saman med Hordaland, så vil dei sjølvsågt sjå på innbyggjarane sitt beste.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I over eitt år har eit samla beredskaps-Noreg venta på den største omveltninga i politiet nokon gong. Framleis utan svar. Mange politidistrikt er føreslått nedlagt. I Sogn og Fjordane har ventetida ført til at folk har slutta.

Lære av vegvesenet

– Det betyr at vi må jobbe knallhardt for å få til ei god samhandling med politiet, seier ho.

Fylkesmannen seier at dei har den same situasjonen med Statens vegvesen når det gjeld beredskapen.

– Dei dekker tre fylker, men dei har ei ordning med ein distriktsvegsjef som er vårt kontaktpunkt i alt arbeid med beredskap. Det meiner eg fungerer veldig godt, så då må vi jobbe med å få til noko tilsvarande i forhold til politiet, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.