Hopp til innhold

Over 88.000 likar dei på Facebook

Ekteparet frå Florø skulle berre ta seg ein pust i bakken på ferieturen i New York, men så vart dei plutseleg «kjendisar».

Siri Johannes Osnes og Geir Kittang

PÅ FERIETUR: Siri Johannes Osnes og Geir Kittang på toppen av Rockefeller Center i New York.

Foto: Privat

Siri Johanne Osnes og Geir Kittang frå Florø var i månadsskiftet mellom mai og juni på ferietur i New York. Det enda med «kjendisstatus», då dei hamna på ein svært populær fotoblogg.

Dei hadde rusla rundt i byen heile dagen og tenkte å gå i Central Park på slutten av dagen.

– Vi sette oss på ein benk i fred og ro og kvilte beina. Og så kom det ein ung, amerikansk mann på anten rullebrett eller rulleskøyter, bort til oss. Han spurte om han kunne få ta eit bilete av oss. Då var vi ikkje så veldig interesserte, for vi tenkte at han skulle ta bilete og deretter selje det til oss.

Legg ut historier frå dagleglivet

Men då sa han at han kom frå «HONY». Han lurte på om vi ikkje hadde høyrt om det, og det hadde vi ikkje, men han sa det var veldig populært i New York.

– Han fortalde at han gjekk rundt i New York kvar dag og tok bilete av folk og hadde eit lite intervju eller ein samtale med dei. Deretter la han det ut på ei Facebook-side. Då tenkte eg at vi kan no ikkje vere så kostbare, fortel ho.

Humans of New York (HONY) er ein fotoblogg som vart starta i november 2010 av fotografen Brandon Stanton. Omtrent dagleg, og nokre gonger fleire gonger for dagen, legg han ut bilete av tilfeldige folk han møter på gata i New York.

Vart stor oppstand

Humans of New York

KJENDISAR: Over 88.000 har likt biletet av dei nordmennene på ein benk i Central Park. Trykk på biletet for å gjere det større.

Foto: Skjermdump/Facebook

Ved sidan av biletet legg han også ved ein kort tekst der dei som er blitt fotografert svarar på små eller store spørsmål om livet. Innlegga vart også lagt ut på Facebook-sida til HONY, som har over åtte millionar følgjarar.

– Han spurte om kva som var dei tre viktigaste tinga i liva, og dei tre tristaste tinga og slikt. Det synest eg vart litt nærgåande, så det hadde vi ikkje så lyst å prate om. Vi er jo nordmenn, veit du, flirer Osnes.

I teksten skreiv fotografen: «Despite being from Norway, and having a very limited grasp of English, they made a heroic attempt to answer my questions. She likes that "he's always there when I'm sad." And according to him, she's a "Good runner. And good garden worker."».

Medan dei sat på ein restaurant kort tid etter fann dei ut via dottera si venninne, at biletet var lagt ut. Så då gjekk Osnes inn på Facebook på telefonen for å sjå. Ho fortalde det til ein av servitørane, og det vart stor oppstand.

– Det vart ei samanstimling då, for det var stort å få bilete på den sida, men det skjønte jo ikkje vi då. Vi fekk også vite at folk pleier å følgje etter han rundt om i byen for å kome med på sida, seier ho.

– Mange synest det er artig

I seinare tid har Osnes gått inn på Facebook og likt sida. Ho fortel at han også har gjeve ut minst ei bok med portretta han legg ut på sida si.

– Det er små interessante portrett han får fram. Eg tenkjer at det er det han vil også. Han vil nok ha eit utsnitt av innbyggjarane i New York. No var no vi berre tilfeldig tilreisande, men han får fram mange daglegdagse historier som er litt tankevekkjande. Så det er jo eigentleg ganske interessant.

I skrivande stund har over 88.000 personar likt biletet av Osnes og Kittang, men det kan vere fleire millionar som har sett biletet av dei, der dei sit på ein benk og kvilar turistbeina.

– Eg har ikkje reflektert så mykje på det i grunn. Eg har jo ikkje eit forhold til denne sida, men det er jo veldig artig. Det er mange her som har fått det med seg etter at dottera mi delte det på mi side. Mange synest det er artig, og seier at vi er blitt kjendisar i New York, fortel Osnes.

Men ikkje berre artig ...

Men ho innrømmer at ho ikkje heilt er nøgd med at han skreiv at dei var dårlege i engelsk.

– Det synest eg var litt urettferdig i grunn, for eg synest eigentleg eg er ganske god i engelsk. Men vi vart kanskje litt stotrande då vi fekk desse store spørsmåla. Det er kanskje ikkje det du tenkjer du skal svare på når du sit på ein benk, sveitt og sliten.

At dei skal vere dårlege i engelsk har dei fått høyre mykje, men dei tek det med humor.

– Det var ein engelsklærar her i byen som tok oss kraftig i forsvar på sida. Ho veit vel at vi kan atskilleg betre.