Hopp til innhold

Over 7 500 følgde Magnar og Oddny til USA

Totalt 7 528 publikumarar følgde Magnar og Oddny Kleiva til Amerika i helga. – Eg prøver å vere litt nøktern, men det er veldig artig, smiler regissør Frode Fimland.

Amerikareisa

USA: Magnar og Oddny Kleiva bytte ut silo og slått i Naustdal med mange timars flytur og slektningbesøk i Amerika.

Foto: Bilde fra filmen/Regi: Frode Fimland

På si eiga premierehelg klatra den norske dokumentaren rett inn på topp fire-lista over dei mest sette filmane.

Gjennom 80 førestillingar har i alt 7 528 publikumarar følgd «Søsken til evig tid – Amerikareisa» frå kinostolen, melder nettstaden rushprint.no.

Søsken til evig tid: Amerikareisa

JORDNÆRT: Filmen om søskenparet Magnar og Oddny Kleiva skulle dokumentere gardsdrifta på gamlemåten. Den vart TV2 sin mest sette dokumentar nokosinne.

Foto: Tour de Force

– Det er berre min andre kinofilm, så samanlikningsgrunnlaget er så som så. Men vi har hatt ei god kjensle. Ikkje minst på grunn av all responsen i sosiale medium, seier Frode Fimland, som sjølv er frå Naustdal.

Bak James Bond

Berre James Bond-filmen «Spectre» og dei norske familiefilmane «Julekongen» og «Dr. Proktors tidsbadekar» lokka fleire publikumarar til kinosalane i helga.

Både i Førde og Bergen var det duka for storstila premieremarkering for søskenparet frå Naustdal . Tilbakemeldingane har vore svært positive. Så positive at Fimland trur at fleire enn dei 40 000 som såg «Søsken til evig tid» i 2013 vil sjå oppfølgaren.

– Det kan skje, men eg har inga meining om det skjer. Mange har sett første filmen og vil gjerne følgje med korleis det går med Magnar og Oddny, seier han.

Fleire enn i 2013

– Samstundes er det mange variablar som spelar inn. Mellom anna om vi når Oslo, eller om dette vil vere eit vestlandsfenomen, legg Fimland til.

Frode Fimland

REGISSØR: Frode Fimland er sjølv frå Naustdal og tykkjer det er storveges å sjå ein så liten produksjon lokke så mange publikumarar til kinosalen.

Foto: Vegard Fimland

Filmen er til no vist hos 77 kinoar, medan 106 kinoar har bestilt den. For to år sidan vart filmen vist på kring 90 kinoar. Då tok 5 500 personar turen til kinoen premierehelga.

– Men besøkstala er ikkje det viktigaste for meg. Det vesentlege er å sitje i ein sal og oppleve publikum vere med på dei rette plassane – og at historia når ut, seier regissøren.

Usminka, ekte og jordnært

– Kva trur du gir publikum ei god kjensle, og neste tårer i augo?

– Den førre filmen handla om livet på Kleiva, så usminka, ekte og jordnært som det kan vere. Magnar og Oddny er opptekne av dyra sine og naturen, og dei er kanskje ikkje like opptekne av det materialistiske som vi andre kan vere.

– Det trur eg har fått publikum til å stogge litt opp og tenkje over sine eigne liv, og i alle fall beundre veldig Magnar og Oddny, legg Fimland til.