Det fortel initiativtakar Geir Reidar Hestetun, som er overvelda over sambygdingane sin innsatsvilje.
- Eg blir rørt. Eg er ingen Jesus - same kven som hadde starta dette, så hadde han fått inn det same. Nokon måtte ta tak i det, og denne gongen syns eg at eg laut gjere det.
- Kvifor er folk i Årdal så flinke til å stille opp?
- Vi har ikkje råd til å miste nokon, og vi stiller opp for dei som sit att.
Framleis resultatlaust
Det har no gått ti dagar sidan ein 46-åring frå Årdal vart meldt sakna etter ein båtvelt på fisketur i Årdalsfjorden. Kvar dag sidan då har kring førti frivillige stilt opp kvar dag for å leite. Også i helga har kring 40 personar frå Årdal søkt med helikopter og rundt 17 båtar i fjordområda mellom Årdal, Lærdal og Luster. Det siste søket i går vart avslutta rundt ni i går kveld.
Bedrifter stiller opp
Geir Reidar Hestetun. Foto©NRK
Geir Reidar Hestetun har leitt fjorten timar om dagen sidan kameraten hans vart borte. Fredag fekk han ideen om kronerulling for å finansiere fleire helikoptersøk.
Dei fleste store bedriftene har gitt pengar i Årdal. Privatpersonar har stilt med båt i søka kvar morgon og ettermiddag, og kommunen har sponsa søk frå lufta.
Ordførar Arild Ingar Lægreid er stolt over kronerullinga og sambygdingane sin innsats.
- Det er flott at det vart teke eit privat initiativ og at ein ikkje gir opp, seier ordføraren.
- Gir oss aldri
Og å gje opp lovar Hestetun at ingen har tenkt på.
- Vi gir ikkje opp før han er funnen. Vi skal ha han tilbake så familien veit kvar han er.
- Tenkjer de framleis at han kan vere i live?
Geir Reidar Hestetun tenkjer seg lenge om.
- Det er ingen som veit noko før han er funnen, og vona må vere der til noko er bevist.